Om kunstnarskapet

P7261475.jpg
 
 


Med tråden som reiskap forsøkjer eg å føra i penn ei tekstil heimstaddikting. På leit etter urørte råvarer søkjer eg meg mot minnerik nærnatur. Der røskar eg røter frå rotvelter, fiskar opp tare frå havet og gjev det bruksrett som tråd. Vidare spinn eg ull frå naboen sine sauer og sankar plantefargar på gamle familiegardar. Materiala tek eg med meg inn i den manuelle vevgogna, som vert smeltedigel og årestad. Vevkunnskapen er handlingsboren arv, og gjennom lerretsbinding i fleirlagsvev rekonstruerer eg kvardagskulisser frå min eigen barndomsheim. Ut frå eigne talsystem for utrekning og konstruksjon formar eg todimensjonale skisser, før eg vev fram dørstokken og trappene heime. Med geometriske trefjøler og eit vandrande varplag pressar eg veven forbi si inste grind, forbi mengda mogelege skaft og forbi fastsett form. Inspirert av Frida Hansen sin transparente teknikk isolerer eg ein romleg konstruksjon blant lause varptrådar, og lèt det vovne objektet henga i sitt eige opphav. Med lyriske tekstar ankrar eg arbeidet i geografiske festepunkt og livsrøynsler frå opptrakka terreng. Gjennom det heile renn raude trådar frå Chiharu Shiota, Doris Salcedo og Hildur Bjarnadóttir. Att står mørklagde kvardagskvede grunnfesta i tankar om tilhøyrsle, tapserfaringar og verde.